debate night

Hallo alle sammen!

I dag har martemoren stått opp tidleg for å gå på seminar, og sjølvsagt var alle notatane som eg skreiv i går for å førebu meg sletta. Elles var det jo eigentleg ganske greitt. Seminarleiaren hadde til og med laga kaffi til oss, gullgutten, noko som hjalp på for ein laber gjeng sampolarar som var triste på grunn av tilstandene borte i unaiten. Apropos, her er ein video som kanskje kan lette litt på stemninga til dei som har mista heilt håpet.

heheheh…

Så etter å ha blitt dusja av ein forbipasserande bil, for eg tilbake til leiligheita. Og no er eg så innforj****g svolten at eg held på å svinne hen.

Det er altså så dritt ver her i Bergen, men heldigvis skal eg heim i dag. I følgje Besta er det opplett heime så det blir BRA! :DD

Og så vil eg gje ein shoutout til Emil, min mystiske fan, og ein shoutout til han snille busssjåføren som sa hade og god helg då eg gjekk av bussen. <333 love y’all

2 kommentarer om “debate night”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *