litt frå helga

I helga har eg vore heime i Gulen for å passe vb søstra mi og hønene mens mamma har vore i byn. Var ganske kjekt igrunn. Og so har me vore borte hos besta ein tur.

her e alle sammen, tutti, frutti, redda, lysa og bruna. Trur det var like før eg holdt på å drepe dei ved å ikkje gje dei nok mat, for dei gneldra og kakla noko felt kvar gong eg gjekk forbi. Så dei fekk til slutt litt mat då. Trur dei har det bra no, dei lev no i allefall.

 

**SPOILER ALERT**

Ja farsken og! Det var jo Farmen Kjendis i går. Heldt på å daue når Petter vant over Jarl, fytti grisen! Mest fantastiske augeblinken på tv på leeenge.

Så det var litt frå helga. I kveld tek eg båten til Bergen igjen, blir heftig lesing så eg ikkje drit meg ut på seminaret i morgon. Until then; hadepåbadet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *