all it takes is all you got

Heihei! No er det på høg tid at eg blogger litt. For at denne bloggen skal komme til topps, kan ein ikkje drive å slaure og sose det vekk.

I går skjedde det noko revolusjonært i mitt liv. Eg og Anna tok oss saman og meldte oss inn i SIB for heile semesteret. Kven skulle trudd. Først var det av å kjøpe hengelås, og så spaserte me i godt lag ned til SIB city for å træne litt. Men der var det heilt stappa fullt, så då for me til Vektertorget i staden for. Derav overskrifta. Inspirerande, ikkje sant?

Her er altså eit bilete som eg fann på Google fordi eg ikkje tok eit einaste eit under treninga. Dette er frå kjellaren, men vi tørte ikkje gå ned der då det såg litt heftig ut. Liker meg med å dille oppe på ellipse-maskina. *klapp på skuldra*

Er jo ekstra flott at treningsstudioet ligg i samme bygg som der me har seminar to gonger i veka, så her blir det ikkje unnskyldninger for å ikkje trene (dessverre).

Og i dag har me svømt litt på Studentsenteret.

Dette er òg eit bilete eg har stole.

Så når eg kom heim, stressa som f**n i dusjen, stakk eg og Sunniva til Heidi på besøk for å snylte på maten hennar. Var veldig koseleg altså!

OG i tillegg når eg kom heim, klarte eg å fikse speilet mitt ENDELIG (fekk hjelp av Eirik, men han får ikkje shoutout fordi han er for kul for å lese bloggen min). Så no kan eg sjå absolutt alt som er stygt med fjeset mitt, det vere seg både monobryn og bart. Herregud så mykje eg har gjort i dag, sjølv om eg stod opp klokka 12:00, mfkkrz B)

ja, det er stole dette bildet og. Skal fikse lader til kameraet mitt i morgon eller seinare slik at eg kan legge ut nokre bilete. Fann òg ut i går i ein butikk at kameraet mitt var ranka som «bloggerkamera». Nice.

Håper alle søv godt i natt og får ein fin dag i morgon. Suss suss eller xxx som tanta mi i England ville sagt

2 kommentarer om “all it takes is all you got”

  1. Effektiv du, flink som klare å fikse spegelet ditt! Dumt om nokon skulle ta da… helsing rotta under trappa ;))

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *