tchaikovsky

Hallais alle sammen! Dette innlegget skulle eg eigentleg poste forrige veke, men det fór meg rett og slett hus forbi. Eg var nemleg så heldig å få nokre billettar av ein kompis til å sjå Tchaikovsky-konsert i Grieghallen, sidan han sjølv var sjuk og jevlig, stakkar. Eg tok med meg Øystein og Anna, og det var ein veldig fin konsert.

Her er heile konserten på youtube dersom nokon vil høyre på fin musikk.

…og for de som ikkje gidd å sjå heile konserten har eg sjølvsagt eit litt artigare alternativ.

ahh klasse.

No har eg nett skrive ferdig seminaroppgåva mi. Trur ikkje eg får godkjend, men det får stå til. Har skrive omtrent heile i dag anyways. artig. Så dersom nokon sitt på noko kunnskap om korporative ordningar så har eg andregangsinnlevering om nokre veker.

ciao

kjetta e attekommen

So her sitt eg, fyllasjuk og nydusja og tek livet med ro. Det ser kanskje ut som om at eg jobber med ei oppgåve eg skal levere, men eg ser egentlig på svampebob. Rommet mitt ser ALDRI så ryddig ut, så dette var ein liten treat for my readers.

Skal sitte på med Sunniva heim i dag, og det gleder eg meg til. Ser for meg at eg må passe på dei forbaska hønene og, då mamma ikkje kjem heim før i morgon. Er og ei lita moglegheit for at det står ei ku på tunet og.

Blir kjekt med roadtrip, denne sangen her kjem nok til å stå på repeat.

Elles har eg det bra, har hatt et par bad hairdays, men det kjem seg no.

Ja og så har eg klart å melde meg med på mamma sitt skrittteller-lag, så eg må gå 10k steg kvar einaste dag. Og så får ein quiz undervegs, og eg har allereie svart feil på fyrste spørsmål så det går som det ljomar veggimellom :))))))))

shoutout til Kjetil så han slutta å sutre 🙂