tchaikovsky

Hallais alle sammen! Dette innlegget skulle eg eigentleg poste forrige veke, men det fór meg rett og slett hus forbi. Eg var nemleg så heldig å få nokre billettar av ein kompis til å sjå Tchaikovsky-konsert i Grieghallen, sidan han sjølv var sjuk og jevlig, stakkar. Eg tok med meg Øystein og Anna, og det var ein veldig fin konsert.

Her er heile konserten på youtube dersom nokon vil høyre på fin musikk.

…og for de som ikkje gidd å sjå heile konserten har eg sjølvsagt eit litt artigare alternativ.

ahh klasse.

No har eg nett skrive ferdig seminaroppgåva mi. Trur ikkje eg får godkjend, men det får stå til. Har skrive omtrent heile i dag anyways. artig. Så dersom nokon sitt på noko kunnskap om korporative ordningar så har eg andregangsinnlevering om nokre veker.

ciao

En kommentar om “tchaikovsky”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *