marty has a little lamp

eg merker at eg egner meg dårlegare som blogghore enn eg hadde trudd. Har fått litt purringar på blogginga, og no har eg nok ein gong tatt ansvar.

Den siste veka har eg hatt vinterferie (eller «studietid» som dei kallar det på uni), og har vore i Hemsedal for å feire Guri med ein fela gjeng på 15 stk. Var ein veldig kjekk tur med fint ver og spetakkel.

Etter det, reiste eg heim til fagre Gulen for å forbanne meg over hønene og tjene litt gryn då det begynner å bli skralt på kontoen. Har òg rydda med mamsebass i kjellaren, og gud i himmelen kor mykje drit det var der. Men eg fann to lamper (men berre ein lampeskjerm) som var ganske kule

Eg nektar å ta kritikk for bileta då det er mamma som har tatt dei og ho har aldri hatt blogg, og dermed veit ikkje ho korleis ho tek bilete som lev opp til bloggstandarden min (som er relativt høg) (nei 4 realsies eg kødda)

Eg kom att til nyrydda leilighet i går (supert) og nyvaska handdukar, noko som var veldig greit då eg lukta bål og mold. Reiser tilbake til vakre Gulen i morgon til eit sutalaust liv hos mor. Greitt med litt fri og.

Elles har eg ikkje så mykje å by på av meg sjølv eigentleg, så hade bra for denne gong, vi bloggast snart (høgst sannsynleg om ein månad eller noko). Her e eit bilete av meg frå då eg var ginger og budde aleine i eit heilt hus, oh those were days.

Cíao

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *