9.mars

Eg veit eigentleg ikkje kva formålet med å lage denne bloggen var, men nett no kjente eg at eg har ein ting på hjartet, i kvinnekampens namn. Å skrive lange innlegg har ikkje vore mi greie, men eg føler det er ein ting me må få klarheit i.

I dag såg eg ein liten del av eit intervju frå Lindmo der Ulrikke Falch (tidlegare SKAM-skodespelar og no ei sentral stemme for kvinnekampen) og Sylvi Listhaug (innvandring-og integreringsminister, FRP) diskuterte i kva grad dei var feministar. Listhaug ville ikkje kalle seg feminist då ho meinte at dette omgrepet var tett knytta til venstresida og ein politikk ho ikkje støttar, mens Falch ikkje hadde problem med å knytte seg til omgrepet i det heile tatt.

Eg opplev at det er altfor lite kunnskap ute og flyr når det kjem til bruken av ordet feminisme. Det ser ut til at folk er redde for at feministane skal komme og ta over, og er redde for å bli omtalt som ein feminist (som Sylvi Listhaug). Dei er redde for ordet fordi det er negativt lada.

Ein ting som bør gjerast klinkande klart er at ordet feminisme ikkje betyr kvinneleg dominans over menn. Det kallast sexisme. Feminismen oppsto fordi kvinner vart undertrykt av menn, og fordi kvinner ville vere likestilt med menn. Feminisme betyr altså likestilling. Feminismen har vore sentral for at kvinner har dei moglegheitene dei har i dag, ein likestillingsprosess som har fungert relativt bra i Noreg og som me treng å spre ut i verda der kvinner ikkje har dei same rettane som menn og fortsatt blir undertrykt.

 

Tingen er jo at Listhaug deler dei same verdiane til feminismen. Ho er eigentleg i praksis ein feminist. For det å vere for likestilling er essensen i feminisme. Når ein politikar deltar i ein farliggjeringsprosess mot omgrepet får ho tilhengarar som òg er feministar, men ikkje vil kalle seg dette, men heller «forkjemparar». Kva er det som er så farlig med eit ord? Og eit ord som i tillegg i utgangspunktet er positivt lada? Kan folk please vite kva omgrep betyr og representerer før dei bruker det?

Vi treng folk som Ulrikke Falch som uskadeliggjer dette omgrepet for å ikkje miste alt kvinnene opp gjennom tidene har kjempa for. Vi treng ikkje folk som Sylvi Listhaug som viderefører den dårlige kunnskapen som finst rundt feminisme og betydningen av ordet. Dette er flaut å sjå på.

Takk for stort engasjement og mange flotte tilbakemeldinger etter lørdagens program! Vi spanderer et gjensyn med Ulrikke Falch og Sylvi Listhaug i interessant ordveksling om feminisme og kvinnekamp.

Opslået af Lindmo – NRK på 7. marts 2017

Videoen kan du sjå her. Innlegget vart litt rotete, men budskapet botnar eigentleg i at feminisme representerer likestilling og at Ulrikke Falch er nice og Sylvi Listhaug kan lese ei bok eller noke no når ho skal ut i permisjon og kanskje komme tilbake som eit menneske som ikkje drit seg ut.

marte out.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *