DU VIL IKKJE TRU kva eg har gjort dei siste to månadane

Ja no er det nok ein gong på høg tid å blogge igjen. 

Livet mitt har ikkje vore så altfor interessant i det siste, men kan komme med ei litta oppdatering:
Eg har gjort det ganske bra på Kylie og Kendall-spelet, perf in fact

Eg har passa hønene våre. Den eine kvite høna har lagt på røret, så håpar resten av dei kvite kula an litt på rasismen som har gått føre seg det siste året. 


Eg og Guri bestilte pizza til leiligheita for fyrste gong. Vart veldig vellukka. 


Eg har innsett kor gamal Jonas Gahr Støre ser ut. Sjølv om han er like gamal som Erna. 


Eg har møtt snusveggen. 


Vore på fjellet heile tre gonger på to veker 


Chilla med Putin


Fått dritnice homosokkar av tanta mi

Og i dag har eg vore på seminar og innsett kor mykje eg bør lese før eksamen. Noget deprimerande. 

Så, til deg som meiner eg bloggar for lite vil eg eigentleg seie at eg legg meg flat som ei pannekake og tek sjølvkritikk. Men eg innser at eg kan ikkje gjere dette då eg ikkje gidd å prakke på deke ting som kan vere heilt ubetydelege for både deke og meg. 

Kan dermed hende eg skriv igjen snart eller om lenge. Får sjå kva tida bringer. 

Kom forresten gjerne med forslag dersom de har noko de vil eg skal meine noko om, så får me sjå om det vert skrive litt oftare. 

Shallabais 

2 kommentarer om “DU VIL IKKJE TRU kva eg har gjort dei siste to månadane”

  1. Marte eg vi gjerne sjå deg skrive eit innlegg om kva du meinar om politiet i USA, og kva du meiner om dette tema.

    Håper på interessant innlegg ☺️??

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *