Lets all take a moment…

For den beste reisematen i EU; paninien på ekspressbåten.

Kvar gong eg reiser med ekspressen frå heime til Bergen eller omvendt, kjøper eg meg denne smaksorgasmen. Eg sparer magen min til denne turen, for eg skal ha meg ein panini. Med ost og pepperoni. 

Eg har elska panini heilt sia kantinedama på vidaregåande ropte ut dei fantastiske orda: «PANINJEE». Dei orda var som musikk i mine øyrer. Men lite visste ho at paninien på ekspressbåten var noko heilt spesielt.

Eg har òg prøvd paninien på ferja, men den kan ikkje måle seg med det sprø, passe varme, smelta ostbelagte, nesten fantasifulle vidunderet. Eg er forelska. 

Så la oss alle takke paninien. For at den har hjulpe meg så mange gonger. For at den har metta meg når eg var svolten. For at den har kyssa tunga mi med sin vidunderlege smak. For at den fyller min mage med kjærleik. 

Respekt til paninien. Takk. 

– haugejorten

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *