litt frå helga

I helga har eg vore heime i Gulen for å passe vb søstra mi og hønene mens mamma har vore i byn. Var ganske kjekt igrunn. Og so har me vore borte hos besta ein tur.

her e alle sammen, tutti, frutti, redda, lysa og bruna. Trur det var like før eg holdt på å drepe dei ved å ikkje gje dei nok mat, for dei gneldra og kakla noko felt kvar gong eg gjekk forbi. Så dei fekk til slutt litt mat då. Trur dei har det bra no, dei lev no i allefall.

 

**SPOILER ALERT**

Ja farsken og! Det var jo Farmen Kjendis i går. Heldt på å daue når Petter vant over Jarl, fytti grisen! Mest fantastiske augeblinken på tv på leeenge.

Så det var litt frå helga. I kveld tek eg båten til Bergen igjen, blir heftig lesing så eg ikkje drit meg ut på seminaret i morgon. Until then; hadepåbadet

debate night

Hallo alle sammen!

I dag har martemoren stått opp tidleg for å gå på seminar, og sjølvsagt var alle notatane som eg skreiv i går for å førebu meg sletta. Elles var det jo eigentleg ganske greitt. Seminarleiaren hadde til og med laga kaffi til oss, gullgutten, noko som hjalp på for ein laber gjeng sampolarar som var triste på grunn av tilstandene borte i unaiten. Apropos, her er ein video som kanskje kan lette litt på stemninga til dei som har mista heilt håpet.

heheheh…

Så etter å ha blitt dusja av ein forbipasserande bil, for eg tilbake til leiligheita. Og no er eg så innforj****g svolten at eg held på å svinne hen.

Det er altså så dritt ver her i Bergen, men heldigvis skal eg heim i dag. I følgje Besta er det opplett heime så det blir BRA! :DD

Og så vil eg gje ein shoutout til Emil, min mystiske fan, og ein shoutout til han snille busssjåføren som sa hade og god helg då eg gjekk av bussen. <333 love y’all

this one is for my fans

Heihei.

Har jo ikkje blogga så lenge, men ser at det er nokre få kommentarar på bloggen. Dette synes eg er veldig kjekt, og motiverer meg til å faktisk gjere noko meir ut av bloggen. Derfor vil eg takke dei få som tek seg ein tur innom denne bloggen i ny og ne, de er grunnen til at eg er der eg er i dag <33333333

Dette biletet har eg faktisk photoshoppa sjølv. Har sett det på sosiale medier heile TO gonger utan at eg har fått cred, så ville berre gjere det heilt soleklart. Det er sjølvaste Ivar Aasen som er avbilda, og han er mannen i mitt liv.

Og her har me ein fisk som Reidun vart servert då me var i Dubrovnik i gamlebyen.

Burde jo hatt noko betre på lager, men har rett og slett ikkje tatt nokon bilete i dag, så då vart da Aasen og ei hyse då. Sorry. Men som sagt; veldig kjekt å få kommentarar og positiv tilbakemelding, då blir vegen til toppbloggar mykje kortare.

<3Luhlz

 

eit lite tips til heimen

okei folkens, så eg skulle vaske undersida av pannene, og har liksom lagt merke til at dei er ganske dritne og brune og har svimerker og gud veit kva meir. Så tenkte eg at eg skulle gjere eit hederleg forsøk på å få dei reine.

Sjå på dette, skulle jo trudd den eigentleg var brun. Men så peisa eg på med skurekrem og svamp, og trur du søren ikkje da kom seg?

Hæ? Hæ? No skal det seiast at eg har ikkje lest om dette nokon stader at dette skal funke, så det kan godt hende at denne metoden til slutt vil lage hol i plata. Men eg tenker med meg at det ikkje er sååå ofte eg gidd å skure og gnikke at det får gå bra for denne gang. Vart heilt sjukt stor forskjell.

 

og her er eit bilete av meg, då det sikkert ikkje er noko særleg å berre kikke på panner.

Og med dette vil eg seie takk for meg, og at eg håper de syns tipset mitt var nyttig. Veldig kjekt dersom nokon gidd vil prøve dette over lengre tid for å sjå om det faktisk lager hol i panna eller om dette faktisk funker. Gje meg i såfall tilbakemelding så skal eg ta all skuld dersom det skulle gå ad undas.

shallabais

hei.

Så skal ein jo skrive eit innlegg då. Kanskje på tide, har tross alt hatt dette tosjne domenet i eit år no. Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg fortsatt har det, men eg hadde vel ein fiks idé om at eg skulle ha enten ein blogg eller ein nettbutikk. Har eigentleg ikkje likt blogg-konseptet og heile bloggsamfunnet då det virker så overfladisk og falskt. Og det er jo forståeleg, for kven vil eigentleg vise nøyaktig kven dei eigentleg er, alle små og store feil blir eksponert for heile verda. Sjukt igrunn. Men no er eg altså her. Men eg kjem ikkje på noko å blogge om, og speilrefleksen min ligg att heime i Gulen såå ja.

ehh ja so skal ein jo ha litt bilete egentlig, så her e då eit bilete av meg i ræva oppløysing og urotert berre fordi eg ikkje greier det og gidd ikkje lære meg det nett no.

No blei dette innlegget ganske kleint likevel. Var dette eg eigentleg ville prøve å unngå. Herregud, kva har eg gjort. Skaffa meg blogg og greier, til og med betalt domene, trur eg kan vere bedre enn alle dei andre rosabloggarane, og så sitt eg her og er flau over det eg skriv. Toppen på kransekaka om eg får hate-comments, hadde nok svima av. Hehe, skikkeleg narssisistisk av meg å tenke at eg er interessant nok til at folk gidd å bruke energi på å snakke drit her på denne bloggen som ingen veit om eingong. Kjenner moralen min har dette heilt ned i dass no. Herregud, kva har eg gjort.

Kjenne følelsen eg hadde i går då eg kjøpte speil, betalte rundt 700 kr. Tenk det, bruker så mykje penger for å sjå meg sjølv. Det var til og med lys i det så eg skulle sjå meg sjølv endå bedre. Tenk på det. Har blitt litt for sjølvopptatt i det siste ass. Men eg fekk ikkje til å setje det opp, då du må ha ein j***a ledning frå veggen, og det har eg jo ikkje. Så eg mangler ein ledning som eg må montere sjølv. Sikringa i leiligheta her i byn er jo allereie på syre. Og så skal liksom eg komme her og prøve og vere elektrikar og fikse sjølv. Jadda, det kan bli spennande, dette her.

og her e eit bilde til. Da held vel med to bilete? Dette er óg eit bilete av meg, her går eg på tur. Har eigentleg mest lyst å legge ut stygge bilete, men veit ikkje heilt om eg tør endå.

Tenker liksom at sånn rundt 500 ord er nok på eit innlegg, vil eigentleg seie meg godt nøgd no. Trur liksom ikkje folk gidd å lese alt eingong, har jo ikkje med bilete ein gong frå dagen i dag. Så då vil eg takke for meg, har no komt meg gjennom dette innlegget med litt diverse følelser om korleis da gjekk. Men no er det i allefall ute, då. cool cool hade bra.