Lets all take a moment…

For den beste reisematen i EU; paninien på ekspressbåten.

Kvar gong eg reiser med ekspressen frå heime til Bergen eller omvendt, kjøper eg meg denne smaksorgasmen. Eg sparer magen min til denne turen, for eg skal ha meg ein panini. Med ost og pepperoni. 

Eg har elska panini heilt sia kantinedama på vidaregåande ropte ut dei fantastiske orda: «PANINJEE». Dei orda var som musikk i mine øyrer. Men lite visste ho at paninien på ekspressbåten var noko heilt spesielt.

Eg har òg prøvd paninien på ferja, men den kan ikkje måle seg med det sprø, passe varme, smelta ostbelagte, nesten fantasifulle vidunderet. Eg er forelska. 

Så la oss alle takke paninien. For at den har hjulpe meg så mange gonger. For at den har metta meg når eg var svolten. For at den har kyssa tunga mi med sin vidunderlege smak. For at den fyller min mage med kjærleik. 

Respekt til paninien. Takk. 

– haugejorten

Sideboob vs. underboob

liten spørreundersøking som eg har føre meg for tida. Kva tykkjer du er finast? Sidepupp eller underpupp?

Kylie Jenner representing underboob

 

Kim K representing sideboob (with a touch of nipplewar)

Tok utgangspunkt i kylie og kim for å skape litt drama i familien kardash-jenner som sjølvsagt les bloggen min B)))))) so no vil eg gjerne vite di meining om dette puppe-dillemmaet.

koz og klemz so pappa pleie å sei

sun og melun

I dag har eg og gnura og beate tanna oppe på taket på wergeland. var eigentleg ganske digg, for da e heile 18 grader cels her i bergen city. vart brun, sjø!

gøtt med ei pils og litt melon på ein solskinnsdag som ditta.

klar for å hooke chicks på byn idag

Satsa ikkje på shorts i dag då sjølvbruninga har tylna seg over natta.

kos dåke i fineveret. suss

 

DU VIL IKKJE TRU kva eg har gjort dei siste to månadane

Ja no er det nok ein gong på høg tid å blogge igjen. 

Livet mitt har ikkje vore så altfor interessant i det siste, men kan komme med ei litta oppdatering:
Eg har gjort det ganske bra på Kylie og Kendall-spelet, perf in fact

Eg har passa hønene våre. Den eine kvite høna har lagt på røret, så håpar resten av dei kvite kula an litt på rasismen som har gått føre seg det siste året. 


Eg og Guri bestilte pizza til leiligheita for fyrste gong. Vart veldig vellukka. 


Eg har innsett kor gamal Jonas Gahr Støre ser ut. Sjølv om han er like gamal som Erna. 


Eg har møtt snusveggen. 


Vore på fjellet heile tre gonger på to veker 


Chilla med Putin


Fått dritnice homosokkar av tanta mi

Og i dag har eg vore på seminar og innsett kor mykje eg bør lese før eksamen. Noget deprimerande. 

Så, til deg som meiner eg bloggar for lite vil eg eigentleg seie at eg legg meg flat som ei pannekake og tek sjølvkritikk. Men eg innser at eg kan ikkje gjere dette då eg ikkje gidd å prakke på deke ting som kan vere heilt ubetydelege for både deke og meg. 

Kan dermed hende eg skriv igjen snart eller om lenge. Får sjå kva tida bringer. 

Kom forresten gjerne med forslag dersom de har noko de vil eg skal meine noko om, så får me sjå om det vert skrive litt oftare. 

Shallabais 

9.mars

Eg veit eigentleg ikkje kva formålet med å lage denne bloggen var, men nett no kjente eg at eg har ein ting på hjartet, i kvinnekampens namn. Å skrive lange innlegg har ikkje vore mi greie, men eg føler det er ein ting me må få klarheit i.

I dag såg eg ein liten del av eit intervju frå Lindmo der Ulrikke Falch (tidlegare SKAM-skodespelar og no ei sentral stemme for kvinnekampen) og Sylvi Listhaug (innvandring-og integreringsminister, FRP) diskuterte i kva grad dei var feministar. Listhaug ville ikkje kalle seg feminist då ho meinte at dette omgrepet var tett knytta til venstresida og ein politikk ho ikkje støttar, mens Falch ikkje hadde problem med å knytte seg til omgrepet i det heile tatt.

Eg opplev at det er altfor lite kunnskap ute og flyr når det kjem til bruken av ordet feminisme. Det ser ut til at folk er redde for at feministane skal komme og ta over, og er redde for å bli omtalt som ein feminist (som Sylvi Listhaug). Dei er redde for ordet fordi det er negativt lada.

Ein ting som bør gjerast klinkande klart er at ordet feminisme ikkje betyr kvinneleg dominans over menn. Det kallast sexisme. Feminismen oppsto fordi kvinner vart undertrykt av menn, og fordi kvinner ville vere likestilt med menn. Feminisme betyr altså likestilling. Feminismen har vore sentral for at kvinner har dei moglegheitene dei har i dag, ein likestillingsprosess som har fungert relativt bra i Noreg og som me treng å spre ut i verda der kvinner ikkje har dei same rettane som menn og fortsatt blir undertrykt.

 

Tingen er jo at Listhaug deler dei same verdiane til feminismen. Ho er eigentleg i praksis ein feminist. For det å vere for likestilling er essensen i feminisme. Når ein politikar deltar i ein farliggjeringsprosess mot omgrepet får ho tilhengarar som òg er feministar, men ikkje vil kalle seg dette, men heller «forkjemparar». Kva er det som er så farlig med eit ord? Og eit ord som i tillegg i utgangspunktet er positivt lada? Kan folk please vite kva omgrep betyr og representerer før dei bruker det?

Vi treng folk som Ulrikke Falch som uskadeliggjer dette omgrepet for å ikkje miste alt kvinnene opp gjennom tidene har kjempa for. Vi treng ikkje folk som Sylvi Listhaug som viderefører den dårlige kunnskapen som finst rundt feminisme og betydningen av ordet. Dette er flaut å sjå på.

Takk for stort engasjement og mange flotte tilbakemeldinger etter lørdagens program! Vi spanderer et gjensyn med Ulrikke Falch og Sylvi Listhaug i interessant ordveksling om feminisme og kvinnekamp.

Opslået af Lindmo – NRK på 7. marts 2017

Videoen kan du sjå her. Innlegget vart litt rotete, men budskapet botnar eigentleg i at feminisme representerer likestilling og at Ulrikke Falch er nice og Sylvi Listhaug kan lese ei bok eller noke no når ho skal ut i permisjon og kanskje komme tilbake som eit menneske som ikkje drit seg ut.

marte out.

marty has a little lamp

eg merker at eg egner meg dårlegare som blogghore enn eg hadde trudd. Har fått litt purringar på blogginga, og no har eg nok ein gong tatt ansvar.

Den siste veka har eg hatt vinterferie (eller «studietid» som dei kallar det på uni), og har vore i Hemsedal for å feire Guri med ein fela gjeng på 15 stk. Var ein veldig kjekk tur med fint ver og spetakkel.

Etter det, reiste eg heim til fagre Gulen for å forbanne meg over hønene og tjene litt gryn då det begynner å bli skralt på kontoen. Har òg rydda med mamsebass i kjellaren, og gud i himmelen kor mykje drit det var der. Men eg fann to lamper (men berre ein lampeskjerm) som var ganske kule

Eg nektar å ta kritikk for bileta då det er mamma som har tatt dei og ho har aldri hatt blogg, og dermed veit ikkje ho korleis ho tek bilete som lev opp til bloggstandarden min (som er relativt høg) (nei 4 realsies eg kødda)

Eg kom att til nyrydda leilighet i går (supert) og nyvaska handdukar, noko som var veldig greit då eg lukta bål og mold. Reiser tilbake til vakre Gulen i morgon til eit sutalaust liv hos mor. Greitt med litt fri og.

Elles har eg ikkje så mykje å by på av meg sjølv eigentleg, så hade bra for denne gong, vi bloggast snart (høgst sannsynleg om ein månad eller noko). Her e eit bilete av meg frå då eg var ginger og budde aleine i eit heilt hus, oh those were days.

Cíao

tchaikovsky

Hallais alle sammen! Dette innlegget skulle eg eigentleg poste forrige veke, men det fór meg rett og slett hus forbi. Eg var nemleg så heldig å få nokre billettar av ein kompis til å sjå Tchaikovsky-konsert i Grieghallen, sidan han sjølv var sjuk og jevlig, stakkar. Eg tok med meg Øystein og Anna, og det var ein veldig fin konsert.

Her er heile konserten på youtube dersom nokon vil høyre på fin musikk.

…og for de som ikkje gidd å sjå heile konserten har eg sjølvsagt eit litt artigare alternativ.

ahh klasse.

No har eg nett skrive ferdig seminaroppgåva mi. Trur ikkje eg får godkjend, men det får stå til. Har skrive omtrent heile i dag anyways. artig. Så dersom nokon sitt på noko kunnskap om korporative ordningar så har eg andregangsinnlevering om nokre veker.

ciao

kjetta e attekommen

So her sitt eg, fyllasjuk og nydusja og tek livet med ro. Det ser kanskje ut som om at eg jobber med ei oppgåve eg skal levere, men eg ser egentlig på svampebob. Rommet mitt ser ALDRI så ryddig ut, så dette var ein liten treat for my readers.

Skal sitte på med Sunniva heim i dag, og det gleder eg meg til. Ser for meg at eg må passe på dei forbaska hønene og, då mamma ikkje kjem heim før i morgon. Er og ei lita moglegheit for at det står ei ku på tunet og.

Blir kjekt med roadtrip, denne sangen her kjem nok til å stå på repeat.

Elles har eg det bra, har hatt et par bad hairdays, men det kjem seg no.

Ja og så har eg klart å melde meg med på mamma sitt skrittteller-lag, så eg må gå 10k steg kvar einaste dag. Og så får ein quiz undervegs, og eg har allereie svart feil på fyrste spørsmål så det går som det ljomar veggimellom :))))))))

shoutout til Kjetil så han slutta å sutre 🙂

litt skryt

no er det nok ein gong lenge sidan eg har vore aktiv her inne, og eg har ikkje noko anna unnskuldning enn at eg ikkje har gidda. Men for de som vil vere litt meir oppdatert på mitt liv kjem det no ein rask recap over kva eg har gjort i det siste.

Her e då eg og Anna var på Chaos og tok oss ein liten kaffi etter å ha hørt på Aarebrot. Var veldig koselig.
Her er når eg skulle gå på fjellet i går. Dette er skomakerdalen, og det var eit reint h*****e å komme seg opp då det var is på steinane.
her e meg på toppen av skreddardalen, etter det gjekk eg til venstre for å komme meg heim att.
her er på veien ned
Her er eg på veg ned. Så fekk trimma meg litt i går då.

Elles har det ikkje skjedd så mykje i helga, har mest slappa av og vore med familien.

Her chilla eg i mitt nye sweatset, merket er fila og det var dritdyrt. Skjønner ikkje at eg brukte penger på det i det heile tatt.

Her skulle eg eigentleg blogge, men så såg eg på menskopper i staden for.

Her holdt eg på å dø fordi Oline kom inn i papegøyekostyme.

hahaha…

Jaja, det var no det eg hadde å by på foreløpig. I kveld skal eg ut med sunniva, det gleder eg meg veldig til. Skulle eigentleg ha vore på eit biblioteksseminar, men følte meg for kul for slikt i dag.

Dett var dett, ha ein fin dag, alle sammen.

all it takes is all you got

Heihei! No er det på høg tid at eg blogger litt. For at denne bloggen skal komme til topps, kan ein ikkje drive å slaure og sose det vekk.

I går skjedde det noko revolusjonært i mitt liv. Eg og Anna tok oss saman og meldte oss inn i SIB for heile semesteret. Kven skulle trudd. Først var det av å kjøpe hengelås, og så spaserte me i godt lag ned til SIB city for å træne litt. Men der var det heilt stappa fullt, så då for me til Vektertorget i staden for. Derav overskrifta. Inspirerande, ikkje sant?

Her er altså eit bilete som eg fann på Google fordi eg ikkje tok eit einaste eit under treninga. Dette er frå kjellaren, men vi tørte ikkje gå ned der då det såg litt heftig ut. Liker meg med å dille oppe på ellipse-maskina. *klapp på skuldra*

Er jo ekstra flott at treningsstudioet ligg i samme bygg som der me har seminar to gonger i veka, så her blir det ikkje unnskyldninger for å ikkje trene (dessverre).

Og i dag har me svømt litt på Studentsenteret.

Dette er òg eit bilete eg har stole.

Så når eg kom heim, stressa som f**n i dusjen, stakk eg og Sunniva til Heidi på besøk for å snylte på maten hennar. Var veldig koseleg altså!

OG i tillegg når eg kom heim, klarte eg å fikse speilet mitt ENDELIG (fekk hjelp av Eirik, men han får ikkje shoutout fordi han er for kul for å lese bloggen min). Så no kan eg sjå absolutt alt som er stygt med fjeset mitt, det vere seg både monobryn og bart. Herregud så mykje eg har gjort i dag, sjølv om eg stod opp klokka 12:00, mfkkrz B)

ja, det er stole dette bildet og. Skal fikse lader til kameraet mitt i morgon eller seinare slik at eg kan legge ut nokre bilete. Fann òg ut i går i ein butikk at kameraet mitt var ranka som «bloggerkamera». Nice.

Håper alle søv godt i natt og får ein fin dag i morgon. Suss suss eller xxx som tanta mi i England ville sagt